Debatten om
to utgangar: Jesus var ingen gravferdspredikant
UTFORDRAR:
Filmskaparen Randi Førsund er vonbroten over formidlinga frå Den norske kyrkja,
og seier høglydt ifrå. Foto: Inga Lill Nord Nyvoll
Randi
Førsund utfordrar kyrkjetoppane. Men bør prestane gjera sin «fordømte jobb», og
seia eit sorgtungt gravfølgje eit realt sanningsord når dei har sjansen?
Kommentar
Sofie BrautKommentatorsofie@dagen.no
Publisert: 04.03.2024 05:00
Debatten
om livets to utgangar, eller om det er frelse for alle gjennom ulike
alternative planar til Bibelens, har ved fleire høve blussa opp att i det
siste. Også her i Dagen hadde vi nyleg ei sak om filmskapar og
folkekyrkjemedlem Randi Førsund som la ei frisk breiside til i omtalen av
teologien ho hadde møtt i Den norske kyrkja.
Holder biskoper
ansvarlig for å tie om livet etter døden
Førsund
er skuffa. Både over biskopane og andre kyrkjeleiarar, som ho meiner søv på
post og ikkje eigentleg brukar sjansane dei har til å formidla svar på det ho
oppfattar som dei viktige spørsmåla. Ho dreg særleg fram «livets begynnelse,
Jesu gjenkomst og hva som skjer etter døden».
Dårleg dikt
Slike
tema meiner Førsund at det er prestane sin «fordømte jobb» å seia noko om. Ho
set ord på dette også i eit tidlegare innlegg. Her fortel ho om
erfaringar frå ei gravferd i eigen familie, der ho kjende på manglande
samanheng mellom situasjonen ved grava og bodskapen om at «Jesus er kjærleik».
Ho samanliknar slik forkynning med «eit dårleg dikt».
Eitt
av hovudpoenga hos Førsund er følgjande: «viss Jesus døydde på krossen for at
biskopane i Den norske kyrkja skal seie at me ikkje veit kva som skjer når vi
døyr, så får det berre vere». Det er ein stridig, men også tankevekkjande
posisjon.
Postmoderne kyrkje
For
vi ser truleg folkekyrkja på sitt mest postmoderne ved ei grav. Gravferda set
det usamanhengande åndslivet på spissen. Mange er dessutan i kyrkja nesten
berre i gravferder.
Det
kan vera krevjande å henta fram eit håp som ikkje er hekta fast i kvardagen. Det
er forståeleg at kyrkjeorda fort lyder som fattige frasar.
Å
tala sant om døden i ei moderne gravferd kan verka som eit umogleg oppdrag.
Det er eit umogleg oppdrag. Ingen veit, ut frå erfaring og
førstehandskjennskap, kva som ventar når døden har sagt sitt. Kan det då vera
eit svik å seia «Vi veit ikkje»?
Er
ikkje det det beste, tryggaste og faktisk også sannaste som kan seiast? Slikt
kan det i alle fall sjå ut som om mange i kyrkja meiner, i alle fall om preses
og profilane som no uttalar seg, er representative.
Det
verkar unekteleg som det mest menneskelege er å heilt enkelt seia: «Vi veit
ikkje».
Menneskeleg å seia
«Vi veit ikkje»?
Postmoderne
menneske, samfunn og også kyrkjer har gradvis blitt overtydd om at vi kan
plukka og velja på livssynsbuffeten. Om at sanninga med stor S er bytt ut med
sanninga tilpassa den einskilde.
Vi
dyrkar tvil og gråsoner, og det komplekse. Det verkar unekteleg som det mest
menneskelege er å heilt enkelt seia: «Vi veit ikkje».
.
Dessutan
kan det i grunnen verka audmjukt å ikkje seia for mykje om kven Gud er, om kva
Jesu død på korset betyr, om kva målet med livet her på jorda er. Vi veit
ikkje, vi må berre gi oss over til uvisse, uro og undring. Det er kanskje det
beste vi kan håpa på.
Sunniva
Gylver gir i intervju med Dagen heile seks motspørsmål til Førsund. Dei minner
om spørsmål eg ofte høyrer frå skuleungdom i «Grill en kristen»-samanheng.
Berre at her kjem dei som spørsmål frå ein profilert prest og kyrkja sin
kanskje beste formidlar.
Spørsmål
som ofte er med på å skapa undring, framstår her som ei ei einvegskjørt gate
mot ein nødvendig konklusjon: Heilt allminneleg kristen tru på frelse og
fortaping er noko uhøyrt.
For
alle rundt i verda som i dag betalar ein skyhøg pris for å vedkjenna seg Jesus
som vegen, sanninga og livet – i bunden form eintal – må Gylvers konklusjon ha
ein rar klang. Kvifor har det alltid vore ein kostnad forbunden med kristen
tru, dersom likevel ikkje alt står og fell med Jesus?
Enkel formel
«Vi
snakker om troens hemmeligheter», seier Olav Fykse Tveit, på si side, og
følgjer opp med det som for tida liknar ei ny type trusvedkjenning: «Vi må være
forsiktige med å sette alt på en enkel formel».
Særleg
denne siste formuleringa har nokre underlege føresetnader. For er det å visa
til Jesu kontrastfylte tale no å rekna for «ein enkel formel»?
Det
er trass alt Meisteren sjølv som vartar opp med ordpar av typen liv-død,
sauer-geiter, lys-mørke. Lista er mykje lenger. Kontrastar ser ut til å ha vore
hans retoriske favorittverkemiddel.
Jesu
undervising er sjeldan sentrert rundt gråsonene, men langt oftare mot
kontrastfylte spissformuleringar.
Rådet
om å vera «forsiktig» er kanskje ein sympatisk, men også tvitydig leveregel.
Skal ein bygning evakuerast, er det aldri snakk om å vera forsiktig.
.
Liv
står på spel, og det må handlast raskt. Folk kan få sjokk av hamring på dører
som riv dei opp frå svevnen, men det må vi ordna opp i seinare. Det viktige er
å redda liv.
Hadde
det ikkje vore for at eg har høyrt så mange preiker, så kunne eg ha tolka Jesus
endå meir i denne alarmistiske retninga. «Gå inn gjennom den tronge porten!»
«Vak og be!» Det skortar ikkje på imperativa.
Jesu
undervising er sjeldan sentrert rundt gråsonene, men langt oftare mot
kontrastfylte spissformuleringar.
Der noko står på
spel
I
si glimrande bok «Efterföljelsens glädje», gir forfattar John Sjögren ei
fengande framstilling av menneskelivet som å finna si rolle i Guds drama. «Gud
har verkligen gett människan en frihet som är oerhörd, för inte säga
fruktansvärd», oppsummerer han. Utruleg, ja, frykteleg fridom.
Eg trur han er inne på noko.
Alle
som har interesse for litteratur, veit at det finst eit kjenneteikn som framfor
noko utmerker den gode litteraturen frå den likesæle. Noko må stå på
spel.
For
kristne bør ikkje dette vera noko overrasking. Her deler den alminnelege
litteraturen fellestrekk med den største av alle forteljingar.
Bibelens
framstilling av livet er nettopp at alt står på spel, både for Gud og for
menneske. Herfrå hentar vi livsalvor og herfrå hentar vi heidundrande glede.
Poenget er ikkje så mykje å forstå det, men å leva med det som sjølve sanninga.
Å tru det.
Noko
av det vanskelegaste med svara Førsund får frå kyrkjeleiarane, er at dei
plukkar bort dette elementet av at noko står på spel. Svara relativiserer det
avgjerande ved Jesu kross som historia sitt formidable enten-eller.
.
Velmeinte tillegg
Parallellen
hennar til eit dårleg dikt, verkar råkande og relevant. Dei velmeinte tillegga
forkludrar meir enn dei forklarer.
Det
som blir sagt i ei folkekyrkjeleg gravferd, er likevel neppe ein indikator på
om dagens prestar gjer «sin fordømte jobb» med å seia at den som har valt bort
Gud har valt vekk livet. Jesus var ingen gravferdspredikant. Han underviste
folk midt i livet.
Etterlysinga
til Randi Førsund er mest avslørande for den formidlinga som går føre seg alle
andre dagar enn gravferdsdagen. Kor mykje av Jesu kontrastar får vi på dei
dagane?
Jesus
var ingen gravferdspredikant. Han underviste folk midt i livet.
Frå undrande til
skråsikker
Når
Olav Fykse Tveit gjer eit brått skifte frå det undrande til det skråsikre, bør
vi dessutan spissa øyra. «Det vi kan si noe klart om er evangeliet og Guds
kjærlighet til oss i Kristus», slår han fast.
Med
utgangspunkt i resonnementet hans elles, er det freistande å spørja korleis vi
utan vidare kan seia noko «klart» om kjærleiken, dersom alt det andre ligg i
dimma?
Kva
kunnskap har folkekyrkja som fortel at Guds kjærleik, håp om nåde og det vi
elles «likar» ved evangeliet er sannare enn Jesu kontrastfylte lære,
karakterisert i samtida som «harde ord»; om det dramatiske valet mellom den
smale og den breie vegen?
Det finnes bare en frelsesplan, Sunniva Gylver. Og den er
helt fantastisk
«Fortapelsens mulighet»
eller fortapinga sin realitet
GUDS ORD: I
spørsmålet om frelse eller fortaping kan ein ikkje driva med ønskjetenking
eller tåkeprat, men ein må tala like tydeleg som Guds ord talar, skriv Johannes
Kleppa. Foto: Adobe Stock
Debatt
Johannes KleppaBergen
Publisert: 09.09.2024
07:44Sist oppdatert: 07:44
Det
oppstår stadig debattar om fortapinga, og for meg synest det stadig oftare å
vera folk som vi trudde stod for bibelsk teologi, som reiser spørsmålet om det
verkeleg finst ei fortaping eller om folk verkeleg går fortapte.
Det
er ikkje så ofte at folk med kristen vedkjenning direkte nektar for fortapinga.
Det skjer oftast ved å stilla spørsmål ved fortapinga eller å vona at alle til
sist vert frelste. Det er umogleg å finna ord i Skrifta som talar slik, og
difor er det anten ut frå ei søkt tolking av visse bibelord, særleg at «Gud
skal verta alt i alle» og at Gud vil at alle skal verta frelste, eller så er
det ut frå «fromme» ønskje.
.
Det
er også ein språkbruk i bibeltru og teologisk konservativ samanheng som kan
vera uheldig, og som eg nok sjølv har brukt mange gonger. Vi snakkar ofte om
«fortapelsens mulighet» – og då må vi helst bruka dette bokmålsuttrykket,
framfor å snakka om fortapinga sin realitet.
Slik
Guds ord framstiller det, er ikkje fortapinga berre ein «mulighet», men det er
ein realitet. Ei anna sak er det at vi ikkje kan avgjera på det personlege
planet kven som går fortapt, og med det må seia at det er mogleg å gå fortapt.
Samstundes må vi seia at det er ein realitet at den som ikkje eig Jesus som sin
frelsar, er og går fortapt.
Det
er mange bibelord som talar om fortapinga, dommen, døden og Guds vreide sin
realitet, ikkje minst den vesle bibelen, Joh 3,16, og andre vers i same
kapittelet. Når det heiter at «den som ikkje vil tru på Sonen, skal ikkje sjå
livet, men Guds vreide vert verande over han» (vers 36), er det ikkje berre ein
«mulighet» for at det er slik. Det er slik. Det er ein realitet.
Vi
bør halda oppe den faktiske og realistiske språkbruken Bibelen brukar, men vi
må forkynna fortapinga sin realitet saman med evangeliet og det evige livet –
som også er realitetar.
Frå
ei side sett er det greitt og fint at kristne vonar at alle menneske skal verta
frelste, men ei von som er i strid med Skrifta er falsk og naiv, og ho han
verka forførande. Det å vona mot Bibelens utsegn, er å vona i strid med Guds
vilje og openberring. Eller om Espen Ottosen
skriv i ein kommentar i Dagen om håpet om alle si frelse, sjølv
om Guds ord seier noko anna: «Er det da greitt å håpe at det likevel ikke blir
slik? Eller håper vi da at Jesus har lurt oss?»
Det
er lett at slikt håp også fører med seg forføring ved at folk då tenkjer at det
kan og vil gå bra til slutt, sjølv om ein ikkje tek si tilflukt til Jesu
frelsesverk. Då verkar håpet stikk i strid med det som var meint med håpet.
Ofte
vert fortapinga sin realitet forkludra eller ufarleggjort ved at ein på
rasjonalistisk vis held Guds frelsesvilje for alle menneske opp mot
«fortapelsens mulighet». Eit døme på dette lyder slik: «Hvis Guds frelsesplan
er å sammenfatte alt i Kristus, alt i himmel og på jord, vil ikke Gud da til
slutt også frelse alle mennesker, enten de tror på Han eller ikke?»
Frå
ei side sett kan ein seia at dette ikkje er ei fornekting av fortapinga, men
eit fromt ønskje om alle si frelse. Realiteten i spørsmålet er likevel at det
naturlege og sjølvinnlysande svaret er «ja». Spørsmålet fungerer reint
retorisk, der svaret ligg i spørsmålet. Dersom svaret skal vera eit anna, må
spørsmålet også vera annleis. Spørsmålet har ei retning som fører feil.
I
spørsmålet om frelse eller fortaping kan ein ikkje driva med ønskjetenking
eller tåkeprat, men ein må tala like tydeleg som Guds ord talar, og då har
Jesus lært oss korleis vi skal tala i kapittel tre i Johannesevangeliet. Som vi
talar om realiteten i Jesu frelsesverk og det evige livet, må vi tala om
realiteten i syndefallet og den evige fortapinga.
RED.:
Innlegget har stått på heimesida til Misjon Sarepta.
Debatten om to
utgangar: Jesus var ingen gravferdspredikant
For den som trur
er ikkje døden slutten. Det er starten på det nye livet
For å lese
kommentarene eller selv kommentere saken må du være innlogget på Facebook i
samme nettleser som du bruker når du besøker dagen.no. Har du fortsatt
problemer kan du skrive til frontsjef@dagen.no
Hvordan oppsto «helvete» som bibelsk konsept?
NÅTID: Fortapelse er den tilstanden alle mennesker lever i, inntil man
tar imot Veien, Sannheten og Livet, og får tak i velsignelsene i den nære
relasjonen til Jesus, mener Thor Ivar Hornnes. Foto: Adobe Stock
Debatt
Thor Ivar HornnesTveit
Publisert: 13.09.2024 14:08Sist
oppdatert: 14:08
Helvete
er et relativt moderne ord som oppsto først rundt år 725 e.Kr. Det ble introdusert
i bibeloversettelser med den hensikt å få etablert en lære om evig straff i en
underverden, inn i kirkens teologi og vokabular. Ordet stammer fra det engelske
(muligens også norrøne) «hel/helle», og har betydningen; «underverden, skjule,
gjemme».
Grunntekstordet
«Gehenna» er egentlig navnet på «Hinnoms dal», som ligger sør for tempelplassen
i Jerusalem. På bibelsk tid brant man søppel, døde dyr, og også lik av
mennesker der. «Møkkaporten», som ligger rett sør for Vestmuren/Klagemuren, har
fått navnet sitt fordi den ledet ned til Gehenna. I de fleste
bibeloversettelser er dette stedsnavnet erstattet med ordet «helvete» for å
beskrive en evigvarende straff med fryktelig tortur.
.
Forkynte ikke
Jesus om helvete?
Jesus
snakket om Gehenna – denne illeluktende søppel- og likbålplassen i Jerusalem
ved kun tre anledninger – i sine advarsler om trengslene som ville komme i år
70, og som et bilde på syndens jordiske konsekvenser. Ut fra Jesu karakter og
en mengde andre bibelsteder, mener jeg det ikke finnes noen gode grunner til at
dette skal dreie seg om et evig pinested i etterlivet.
Ingen
av de andre forfatterne i NT nevner «Gehenna» (helvete) med ett eneste ord, og
i GT brukes ikke «helvete» i det hele tatt. Der beholdes merkelig nok navnet
«Hinnoms dal» (Gehenna) som stedsnavn, i motsetning til i NT.
Hva med den rike
mannen og Lasarus?
I
lignelsen om den rike mannen og Lasarus trekkes det særlig fram at mannen var i
pine, og at det var en uoverstigelig kløft mellom ham og Lasarus. Eliezer
(Lasarus), var navnet som de religiøse jødene kjente til som Abrahams tjener.
Det spesielle var at han var en hedning, og etter jødenes tro var han dermed
uverdig til å ha fellesskap med Gud. Det er også verdt å merke seg at navnet
Eliezer betyr «den som Gud hjelper».
Jødene
på denne tiden forsto dessuten hvem den rike mannen var. Beskrivelsen av hans
spesielle klesdrakt levnet nemlig tilhørerne ingen tvil om at dette var en
saddukeer – sannsynligvis øverstepresten Kaifas selv – en de så opp til og som
representerte dem selv og deres egne verdier.
Kløften
Jesus viser til er også et begrep som kirken tradisjonelt har tolket som en
forseglet skjebne i etterlivet. De religiøse jødene som Jesus her talte til, la
derimot noe helt annet i dette. De hadde nemlig den oppfatningen at det
eksisterte en stor kløft mellom dem og de, i deres øyne, uverdige hedningene.
Dette var selvsagt Jesus klar over og han irettesatte dem for å tro at de, på
grunn av deres rikdom, gjerninger og etnisitet, var de eneste som Gud velsignet
og hadde kjær.
Jesus
illustrerte det med deres uverdige behandling av Lasarus, den fattige tjeneren
som bare: «ønsket å få mette seg med det som falt fra den rikes bord. Hundene
kom til og med og slikket sårene hans» (Luk 16,21).
Bakteppet
for lignelsen var altså jødenes pengekjærhet og eksklusivitets-tankegang. De
trodde det var kun de som kvalifiserte til å ha fellesskap med Gud. Det er
denne jødiske tankegangen Jesus her går i rette med ved å sette ting på
spissen. Han sier ikke noe om at mennesker som ikke tar imot frelsen skal
dømmes til en evig pine i et helvete.
Hva med
fortapelsen?
Begrepet fortapelse brukes
vanligvis synonymt med helvete (Gehenna), men ordet har en helt annen betydning
på grunnteksten enn evig straff og pine i etterlivet. Fortapelse viser nemlig
til en tilstand i nåtid. Ordet er «apollumi» på gresk, som betyr bla. «å gå
tapt», «ødelegges fullstendig» eller «gå til grunne».
Det
er ikke grunnlag for å si at dette innebærer noe ugjenopprettelig, for ulike
bøyinger av dette ordet brukes f.eks. i Lukas 15,4, hvor Den gode hyrde leter
etter den sauen som er kommet bort (apolōlōs), inntil han finner den
igjen. Det samme ordet brukes også i Lukas 15,24 om den bortkomne sønn som «var
kommet bort, og er funnet igjen».
Ordet fortapt dreier
seg altså ikke om en evigvarende tilstand etter døden, men beskriver kvaliteten
innen en tidsperiode.
I
Lukas 19,10 ser vi også tydelig at fortapt ikke dreier seg om
en fremtidig straff, for der står det at: «Menneskesønnen er kommet for å søke
og frelse det som var fortapt», og i 1930-oversettelsen av
Matteus 10,6, sender Jesus disiplene ut til «de fortapte får av Israels hus»,
og da sier det seg jo selv at disse ikke befinner seg i et fremtidig helvete.
Hva med «evig
død»?
Evig (aionios) er
et gresk ord som brukes flere ganger i Bibelen. Det er mange steder oversatt
fra det hebraiske «olam» og brukes om alt fra den tiden Jona var i fiskens buk,
til Salomos trone, og tiden et barn skulle tilbringe i tempelet. «Aionios»
betyr nemlig en tidsperiode som ikke nødvendigvis er evigvarende, men hvor
varigheten styres av hva ordet peker på. «Evig død» kan derfor ikke bety
evigvarende, sett i lys av legemets oppstandelse, og at døden en dag skal bli
oppslukt.
Både
«fortapelse» og «evig død» handler faktisk om en tilstand i nåtid, og
fortapelse er den tilstanden alle mennesker lever i, inntil man tar imot Veien,
Sannheten og Livet, og får tak i velsignelsene i den nære relasjonen til Jesus.
Det handler derfor overhodet ikke om en evigvarende straff etter døden.
Skal ikke sauene
skilles fra geitene?
Bibelteksten
om sauene og geitene i Matt 25,31–46 er også et mye brukt argument for
helveteslæren. Her står det om at Gud skal dømme geitene til «evig straff» og
«evig ild».
For
det første dreier denne dommen seg om gjerninger, og ikke om man har akseptert
Jesus som sin Frelser eller ei.
Jeg
tror ikke Jesus i denne sammenheng snakker om prestasjonsbaserte
gjerninger/lovgjerninger, men om gode frukter som spirer automatisk fram
gjennom kjennskap og fellesskap med ham. For om vår evige skjebne var basert på
våre gjerninger, ja da var jo Jesu offer på Golgata uten verdi, og frelsen ikke
lenger bare av nåde.
En
lengre utgave av teksten kan leses her.
«Alle kommer til
himmelen.» Er det virkelig sant?
Profilert prest tror alle blir frelst
Helvete er virkelig – og evig
JOHANNES
ÅPENBARING: Apostelen Johannes skriver om mange fremtidige hendelser i
Johannes’ Åpenbaring. Foto: Odd Mehus
Debatt
David HusefestKristiansand
Publisert: 24.09.2024 05:00Sist
oppdatert: 25.09.2024 06:51
Thor
Ivar Hornnes publiserte et innlegg i avisen Dagen 13.09.2024. Han reiser
flere interessante poeng, blant annet at «det ikke finnes noen gode grunner til
at dette (helvete) skal dreie seg om et evig pinested i etterlivet.»
Han
hevder også at fortapelsen «ikke dreier seg om en fremtidig straff», men heller
er en nåværende tilstand som et menneske kan befinne seg i. Han skriver også at
«evig død kan derfor ikke bety evigvarende, sett i lys av legemets
oppstandelse, og at døden en dag skal bli oppslukt.»
.
Med
dette innlegget ønsker jeg å vise at Bibelen i sannhet vitner om at helvete er
virkelig, at det er evig, og at det er et pinens sted uten mulighet for
unnslippelse for dem som går fortapt.
Apostelen
Johannes skrev om mange fremtidige hendelser i Johannes’ Åpenbaring. Han skrev
blant annet at når Jesus kommer tilbake, så blir de som var blitt halshogd for
Jesu vitnesbyrds skyld, «levende og hersket sammen med Kristus i tusen år. Men
de andre døde ble ikke levende før de tusen år var gått» (Åp 20,4b–5a).
Som
Tveit så riktig poengterte, så finnes det en oppstandelse for alle mennesker:
«Og de mange som sover i jordens muld, skal våkne opp, noen til evig liv, noen
til skam og evig avsky» (Daniel 12,2). Vi kan lese om den forferdelige skjebnen
som venter noen av «de mange» i Johannes åpenbaring 20,13–15: «Havet ga tilbake
de døde som var i det, og døden og dødsriket ga fra seg de døde som var i dem.
Og de ble dømt, hver etter sine gjerninger. Og døden og dødsriket ble kastet i
ildsjøen. Dette er den annen død: ildsjøen. Og hvis noen ikke ble funnet
innskrevet i Livets bok, ble han kastet i ildsjøen.»
Hvor
lenge skal de være i ildsjøen? «Den straff de skal lide blir en evig fortapelse
borte fra Herrens åsyn og fra hans makts herlighet» (2. Tess 1,9).
Denne
ildsjøen er altså hva Jesus refererer til når han advarer mot «Gehenna», som er
oversatt til «helvete» i de norske bibeloversettelsene. Det mange tenker på når
de hører ordet «helvete» er egentlig dødsriket, et midlertidig oppholdssted –
med pine – inntil den endelige dom. «For en ild er opptent i min vrede og
brenner til dypeste dødsrike.» Og «Derfor vet Herren å utfri de gudfryktige fra
prøvelser, men å holde de urettferdige i varetekt med straff til dommens dag»
(Jes 30,33a og 2 Pet 2,9).
Det
er nettopp her vi finner den rike mannen i Lukas 16, i forvaring i den delen av
dødsriket som oppbevarer de urettferdige.
Ideen
om helvete og fortapelse er et meget ubehagelig tema. Jeg hører sjelden
forkynnelse som berører temaet, og når det skjer, er det gjerne overfladisk.
Jeg skjønner godt at det er fristende å komme opp med alternative ideer, enten
det er «plan B», annihiliasjonslæren, eller at helvete egentlig er et
restaureringssted, forberedelse til himmelen. Men skal vi ta Guds ord på alvor,
kommer vi ikke utenom å erkjenne at fortapelsen er virkelig, evigvarende og
smertefull.
«Alle kommer til
himmelen.» Er det virkelig sant?
Derfor:
La oss ta omvendelsen på ramme alvor. Det er bare én ting som kan føre oss inn
i fortapelsen: synd. Og det er bare én ting som kan frelse oss fra den: Jesu
blod. Vi har en kjærlig og nådefull Gud som har gitt oss en vei til frelse.
.
Når
vi omvender oss og gjør Jesus til Herre og Frelser i våre liv, utslettes vår
synd. «Han som ikke visste av synd, har Gud gjort til synd for oss, for at vi i
ham skal bli rettferdige for Gud» (2 Kor 5,21).
Det
betyr at vi ikke lengre kan leve i synd. Jo visst faller vi alle i synd fra tid
til annen, derfor trenger vi nåden. Men den som bevisst lever i synd har ikke
omvendt seg, og dermed plassert seg selv utenfor nåden.
Hvordan oppsto «helvete» som bibelsk
konsept?