Oxford-professor har forkynning av Jesu gjenkomst som hjartesak
NORGESBESØK: Den britiske
matematikkprofessoren John Lennox var hovedtaler på Veritaskonferansen i
Grimstad i 2018. Foto: Tarjei Gilje
Kristne svar på den teknologiske utviklinga engasjerer den
verdskjende apologeten John Lennox som rundar 80 år.
Tore Hjalmar Sæviktore@dagen.no
Publisert: 06.11.2023 21:10Sist oppdatert: 21:10
Den pensjonerte matematikkprofessoren og bibellæraren har
bursdag 7. november. Han har kombinert ein akademisk karriere ved eit av verdas
mest prestisjetunge universitet med omfattande innsats for misjon og kristent
trusforsvar.
Lennox har møtt leiande ateistar som Richard Dawkins,
Christopher Hitchens og Peter Singer til debatt. Dessutan har han skrive ei
rekke bøker om kristen tru. Nokre av dei er komne på norsk.
Artikkelen fortsetter under
annonsen.
Fleire gonger har han besøkt Noreg. Seinast skjedde det
under Veritas-konferansen i 2018.
Inspirert
av foreldra
Ei viktig forklaring på korleis Lennox fekk ei trygg tru,
var korleis han såg foreldra i Nord-Irland leve som kristne. I eit samfunn
splitta mellom katolikkar og protestantar erfarte han at foreldra i praksis
viste at alle menneske har same verdi.
– Dei var lidenskapelege om kristentrua si, men dei pressa
den ikkje ned gjennom halsen på meg, fortel Lennox i ein
podkast med Premier Christian Media som er publisert i samband
med 80-årsdagen.
Nobelprisvinnar
bad han gi opp trua
Som student opplevde Lennox at ein nobelprisvinnar prøvde å
få han til å gi slepp på trua.
– Det var ein veldig viktig augneblink, seier Lennox.
Dei møttest under ein middag. Der spurde Lennox om
nobelprisvinnaren nokon gong spurde seg om det kunne vere ein intelligens bak
universet. Det slo dårleg an, og samtalen stoppa opp, fortel han i intervjuet.
Etterpå vart Lennox invitert opp på rommet til
nobelprisvinnaren, saman med ei rekke akademikarar i sentrale posisjonar ved
universitetet. Der vart Lennox oppfordra til å gi opp trua på Gud dersom han
ville ha ein akademisk karriere.
– Eg var som slått av eit lyn, og eg lurte på kva eg skulle
seie. Eg trur Herren hjelpte meg, seier Lennox. Han kunne ikkje sjå at
nobelprisvinnaren kunne by han noko betre grunnlag å byggje livet på, så han sa
at han ville halde fast på det han hadde før han forlet rommet.
Artikkelen fortsetter under
annonsen.
John
Lennox
Fødd 7. november 1943 i
Nord-Irland
Gift, tre born og ti barneborn
Professor emeritus i matematikk
ved Oxford University
Har skrive ei rekke bøker om
kristen tru og tenking. «Sju dager som deler verden» og «Guds undergang» er
komne på norsk.
Ser
«apologetikk» som katastrofe
Etter kvart begynte Lennox å reise mykje i land i
Aust-Europa, som den gongen var kommunistiske. Det gav han sterke inntrykk av
kor stor skilnad det gjer om ein trur på Gud eller har eit ateistisk livssyn.
I eit pluralistisk samfunn oppmodar han alle kristne til å
vere klare til å svare på kvifor dei trur. Derfor har han ikkje sans for at
«apologetikk» blir ei sak for ekspertar.
– Ordet er ein katastrofe, seier Lennox.
Han påpeikar mellom anna at det på engelsk liknar på
«apology» (orsaking) og dermed gir feil assosiasjonar.
I staden viser han til at det opphavleg greske ordet betyr
forsvar. Han meiner det avgjerande er at ein kan vise at det kristne håpet har
eit solid grunnlag, basert på kjennskap til Jesus Kristus.
Peterson
som teikn i tida
Debattane med dei såkalla nyateistane tidleg på 2000-talet
kom som ei overrasking på Lennox. Han var ikkje van å føre debatt, men er
takksam for effekten utfordringa fekk.
– Dei gav meg eit publikum som er globalt, seier han.
Artikkelen fortsetter under
annonsen.
I dag opplever han at den nyateistiske bølgja har lagt seg,
men at spørsmålet om meininga med livet likevel står igjen. Han peikar på
interessa rundt den canadiske psykologiprofessoren Jordan Peterson som eit
teikn på dette.
Dessutan ser Lennox identitet som eit viktig spørsmål. Det
forklarar han med at ein i Vesten no har den andre eller tredje generasjonen
som er oppvaksne utan eit objektivt moralsk kompass.
Talar
om Jesu gjenkomst
I møte med desse utfordringane meiner han kristne har svara
som det er behov for.
– Gud er ikkje ein teori, men ein person. Vi må relatere
til han med heile personlegdommen vår, seier Lennox.
Ein av tematikkane som har interessert matematikaren dei
siste åra, er den teknologiske utviklinga, og særleg kunstig intelligens. Der
ser han stort potensial, men også utfordringar som trugar menneskeverdet og kan
ha svært store konsekvensar til dømes i haldninga til fattige og sjuke.
– Eg trur at ein av dei viktigaste tinga for meg som
kristen, er å bringe tilbake i sentrum læra om Jesu gjenkomst, seier Lennox.
Det var det sentrale håpet for dei første kristne. Vi har
neglisert det fordi det høyrest så sprøtt ut. Det er ikkje sprøtt lenger. Eg
vil prøve å leggje vekt på dette, seier Lennox.
For tida arbeider han med ein sjølvbiografi som snart skal
vere ferdigstilt.