https://imengine.public.prod.agp.infomaker.io/?uuid=b3fe85b7-7c19-56d5-adb1-19da5e81f57b&function=fit&type=preview&source=false&q=75&maxsize=112&scaleup=1

Stort verk om endetid og Jesu atterkomme

 

| Kultur

 

https://image.dagen.no/1401795.webp?imageId=1401795&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg

ENDETID OG JESU ATTERKOMME: Ivar Haugsbakk har no fullført sitt store verk om endetida og Jesu atterkomme. Det spenner over fire bøker som er frå 645 til 786 sider, skriv Johannes KleppaFoto: Adobe Stock

 

Johannes KleppaBergen

Publisert 10.03.25 - 14:03 Sist oppdatert 10.03.25 - 14:03

Del på FacebookDel på TwitterDel på e-post

Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdning.

Ivar Haugsbakk har no fullført sitt store verk om endetida og Jesu atterkomme. Det spenner over fire bøker som er frå 645 til 786 sider. Det er knapt nok eit einaste tema eller bibelvers knytt til temaet som han ikkje er innom. Nokre gonger spenner det så vidt at ein lurer på om han er utafor temaet, men etter sitt grunnsyn er han nok innafor.

Haugsbakk står for ei form for dispensasjonalisme, men det er nok ikkje alle som står for dette grunnsynet som vil vera samd med han i alt. Sjølv står eg nokså langt frå mykje av det Haugsbakk lærer, men det betyr ikkje at bøkene er utan interesse. 

Det ville føra alt for langt å gå detaljert inn på argumentasjonsmåtar og syn som vert framførte i ei så omfattande framstilling som vi her har å gjera med. Dessutan ville det i vesentleg grad vera styrt av mitt eige syn, som altså i stor grad avvik frå det Haugsbakk står for.

Det er to element som er berande i framstillinga, og som stadig kjem att. Det eine er at kyrkja (menigheten) skal rykkjast bort før den store trengselen. Denne trengselstida vert einsidig forstått som uttrykk for Guds vreide, og ingen Kristus-truande skal oppleva Guds vreide. Det andre er vekta på Israel sin posisjon og funksjon, og med det atterreisinga av «Davids falne hytte» og opprettinga av og livet i tusenårsriket. Israel har også ein sentral plass i den store trengsla, og eg synest dette er teologisk problematisk halde opp mot at vi som nytestamentleg folk skal sleppa.

Haugsbakk går sterkt i rette med erstatningsteologien, som overfører lovnadene til Israel til kyrkja, og det gjer han med rette. Problemet, etter mitt skjønn, er at han går i motsett grøft og overfører mykje som høyrer kyrkja til, på Israel. Argumentasjonen er ofte at det var jødar Jesus talt til og gav sine lovnader og ordrar til ved at apostlane var jødar. 

Mange tekstar vert med det svært annleis tolka enn det tradisjonelle, og til tider heilt motsett. Dette vil ein alltid finna tendensar til i dispensasjonalismen, men sjeldan så gjennomført som hjå Haugsbakk. Han legg faktisk alt i kapittel 21 og 22 i Johannes openberring inn i tusenårsriket, som ein «detaljert beskrivelse» av dette riket. Guds rike og himmelriket er identisk med riket for Israel, og misjonsordren er gitt til jødar, og deira teneste er i all hovudsak i tusenårsriket.

Dei som står i same posisjon, vil nok lesa med større utbytte med tanke på eige endetidssynet.

Denne siste boka er altså på nesten 800 sider, så her er svært mykje stoff, og veldig mykje bibelstoff, der bibeltekstane i stor grad er siterte. Det er ein gjennomgåande tendens at Haugsbakk si tolking synest å vera sjølvinnlysande, medan det etter mi vurdering til tider er overflatisk. Når han så i stor grad brukar bibeltekstar til å kaste lys over kvarandre, føreset det at tolkinga hans er rett. Dette gjer at det har lite overtydingskraft overfor folk som har eit anna grunnsyn. Derimot kan det vera ei hjelp til dei som deler grunnsynet hans. 

I dei sentrale frelsesspørsmåla er Haugsbakk svært klar med tanke på både jødar og heidningar si frelse. I dåpsspørsmålet endar han opp med at Jesus døyper med Den Heilage Ande til frelse, medan dåpen med vatn får liten eller ingen betydning.

I boka er det innbygd ein kommentar til Johannes openberring vers for vers. Tolkinga avspeglar sjølvsagt endetidssynet, slik at her er ikkje så mykje nytt i forhold til det andre. Det er like fullt interessant med tanke på totalsynet. Det er påfallande at tekstavsnitt som mange av oss legg stor vekt på, nesten ikkje vert kommenterte, med andre får lange utgreiingar. Generelt får Openberringsboka lite å seia for kristne i dag.

På mange måtar er eg imponert av det arbeidet Ivar Haugsbakk har lagt ned i dette bokprosjektet. For oss som står i ein annan teologisk posisjon enn han, vert det mest til opplysning og orientering. Dei som står i same posisjon, vil nok lesa med større utbytte med tanke på eige endetidssynet. Sidan mange tema er behandla frå ulike sider og frå ulike tekstar og samanhengar, er her relativt mykje repetisjon.

 

https://image.dagen.no/1401784.webp?imageId=1401784&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=1546&format=jpg

Elefantus forlag

Anmeldt/Bok

Ivar Haugsbakk

Bibelsk endetid og vår Herre Jesu Kristi gjenkomst

Elefantus forlag 2024

Heft. 786 sider

israel endetid dispensasjonalisme bokanmeldelse ivar haugsbakk kultur meninger jesu atterkomme

Del på FacebookDel på Twitter