https://imengine.public.prod.agp.infomaker.io/?uuid=b3fe85b7-7c19-56d5-adb1-19da5e81f57b&function=fit&type=preview&source=false&q=75&maxsize=112&scaleup=1

 

 



Eg seier «Gud velsigne Noreg!» Er eg dermed kristennasjonalist?

| Leder

 

Å uttrykkja kjærleik til røtene våre har blitt suspekt. Kva gjer det med oss?

https://image.dagen.no/983419.webp?imageId=983419&width=960&height=548&format=jpg

 

FEIRA: Vi viftar med flagget på Grunnlovsdagen, men er det innafor å be Gud velsigna Noreg?Foto: Annika Byrde / NTB

 

Sofie BrautRedaktør

Publisert 08.11.25 - 05:00

Kristennasjonalisme og kulturkrig kringset oss om dagen. Heile tematikken liknar ein ullen horde av ord og uttrykk. Som Sauen Shauns komisk forvirra flokk skvett dei til kvar sin kant ved kvart minste oppskrik. Kva betyr det, alt saman?

Brotstykke av ein polarisert, amerikansk post-Kirk politikk med Trump-fragmentarisk retorikk. Sleng på ein rapport frå det ugreie Ungarn og ein dæsj mistenkjeleg italiensk Meloni. 

Miksen gir eit skummelt smussomslag som enkelt kan festast på folk, også her i Noreg. 

Om ein protesterer, synest svaret gitt. For vi kan umogleg vera så naive at vi ikkje trur dette kjem hit til oss. Sjå berre kva som skjer i KrF! 

Eg veit ikkje kor mange gonger eg har høyrt samtalar som enkelt hektar saman slike fragment til ein farleg fasit. 

Nøktern politisk empri verkar berre som ei irriterande floge i den tynne suppa som heiter høgrebølgje. 

Nøktern politisk empri verkar berre som ei irriterande floge i den tynne suppa som heiter høgrebølgje. 

Men empirien finst likevel. Vårt nylege stortingsval resulterte i fleirtal for raud side. Framgangen for det ytre venstre var eitt av dei mest påfallande trekka.

To sosialistiske parti, eitt av dei revolusjonært, vann ni mandat kvar. Miljøpartiet MDG, som ofte gjer felles sak med dei mørkeraude kom også over sperregrensa, og gjer sitt til å dra politikken mot venstre i kommande fireårsperiode. 

Trass tala, insisterer mange på at vi er i full gang med å importera politisk dynamikk frå eit USA der ei kristennasjonalistisk klo held på å festa grepet. Nevermind at nyvald borgarmeister i New York både er sosialist og muslim. 

Påstandar om kristennasjonalisme kjem oss nær. Kan det vera slik at miljøa og fellesskapen som mange av oss hentar mot og kraft frå, i realiteten er usunt oppkok av maktsjuk nasjonalisme? 

I norsk kontekst er ikkje tendensane analysert grundig. Boka «Kampen om korset i politikken» av tidlegare sjefredaktør i Vårt Land, Helge Simonnes, kunne vore nyttig. Ho speglar dessverre debatten så altfor godt, fordi ho manglar gode, illustrative døme. Det same gjeld debatten etter Hilde Sandviks artikkel «Det frelste blikket» som tematiserte makt og tru tidlegare i år. 

Om ein politikar med eit kross-smykke utløyser kristennasjonalist-alarmen, har vi å gjera med eit absurd nærsyn. 

Det er nedslåande om det å velsigna landet vårt blir redusert til eit usunt ekko av Amerikansk eksepsjonalisme. Då er vi blitt svært framandgjorde for eigne røter. 

Ein kristen filosofi som omfattar kjærleik til heimlandet, gjennomsyrar vår eigen litterære kanon. I staden for pompøs eksepsjonalisme, rommar han ofte både takk og tvisyn. 

Ivar Aasens «Nordmanen» målber tvisynet. Her herskar ingen påståeleg patriotisme, men rom for ærleg lengt: «gjev eg var i eit varmare land!» Aasen let nordmannen overtala seg sjølv til å «få hug til» heimlandet. Gud er ikkje eksplisitt nemnt hjå Aasen, men ei kristen livshaldning skin gjennom. Som i dei Bibelske salmane dukkar det fram ei interessant evne til å snakka seg sjølv til rette. 

Hos Garborg er det meir uttalt: «Gud signe Noregs land!», opnar hans nasjonalpoetiske høgdepunkt. Det faktum at Garborg sjølv var ein ekte europear, og gjennomsyra av tvisyn, hindra han ikkje i å velsigna og akta på eigne røter. 

Dette er ei haldning vi kan læra av i vår tid. Ein er ikkje ein innkrøkt egoistisk nasjonalist fordi ein dagleg ber Gud velsigna landet vårt. 

Det hebraiske ordet for å «velsigna», berek, betyr å «formidla ei guddommeleg kraft som ber i seg gode på alle livsområde». For kristne er dette meir enn eit fromt ønske. Det er uttrykk for å gje andre del i Guds gode gåver, anten dei trur på han eller ei. 

Motsett av overflatiske påhitt av nyare dato, slik som Gros gudlause «Det er typisk norsk å vere god», er ei velsigning verkekraftige ord. 

I norsk politisk sjargong lyder eit «Gud velsigne Noreg» framandt.

Men langt viktigare enn formulariske fyndord frå politiske pidestallar, er det å halda fram med faktisk å be Gud velsigna Noreg. 

Dette er ei bøn som verkar meir aktuell enn nokon gong. 

 

 

leder kulturkrig kristennasjonalisme meninger politisk dynamikk velsignelse norsk politikk