Eg vart selt til slaveri fordi eg møtte Jesus
GUDS KJÆRLEIK: Bodskapen frå den
mauritanske kvinna, Samira Djalò, er frigjerande: – Det finst ikkje noko
fengsel så djupt at Guds kjærleik ikkje kan nå og forvandle. Foto: Skjermdump /
YouTube, Son Of The Most High
Samira
Djalò's kamp frå tvang og mishandling til fridom:
Jenta vart gifta bort som
tenåring, seinare straffa og selt som «tenestekvinne» – etter ho i løynd hadde
konvertert til Yeshua. I Mauritania lever tusenvis av kvinner i usynlege
lekkjer av tradisjon, kontroll og utnytting.
Ingalis
A. Malmo
Journalist
Publisert: 26.09.2025 kl
10:37
Historia til Samira Djalò er eit
sterkt vitnesbyrd om overleving – samt ei påminning om at slaveri ikkje berre
høyrer fortida til.
Namnet vart viska
ut
– Eg slutta å vere eit menneske. Namnet mitt vart viska ut. Eg vart
handsama som ei handelsvare: kjøpt, brukt og gløymd. Min kropp var omskapa til
ein reiskap. Og min eigen vilje var utan verd, fortel Samira til YouTube-kanalen Son Of The Most High.
Det mest vonde var
at overgriparane var i heimen; ektemann og svigerfamilie. Dei som var meint å
verja henne, utøvde konstant kontroll, audmjuking og vald. Ho arbeidde til ho
var utsliten, var lydig til ho nesten utsletta seg sjølv og den ho var. Dagleg
måtte ho svelgja krenkingar frå sine næraste.
Betalt i kamelar og geiter
Samira vaks opp i
ein liten landsby sør i landet, der fattigdom og strenge kjønnsroller prega
kvardagen. Som ung jente vart ho vurdert og «valt ut» av ein eldre handelsmann.
Ekteskapet var ei avtale mellom menn, betalt med tre kamelar, ti geiter – og
løfte om at ho vidare skulle formast etter skikkane i mannens familie. Kva ho
sjølv meinte, var ikkje ein del av reknestykket.
I ektefellen sitt
hus vart alt overvaka og målt: arbeid, kropp, ord – og mest hennar eigne
tankar. Presset om å bli gravid var konstant. Då eg ikkje gav han ein son, kom
mistankar, skam og ritual for å «opne livmora».
Amuletter,
urtebrygg og bønerutiner vart etterkvart mekaniske rørsler for den unge jenta.
– Om nettene når
eg såg mot stjernene, var det ein knapt høyrbar stemme som kviskra: «Du er
skapt for noko meire, – og noko større» fortel Samira.
Møte med ny tru og von
På marknaden i
grensebyen Profit møtte ho Naima, ei kvinne som lytta meir enn ho tala. Naima
fortalde om Jesus – Yeshua – ikkje som ein fjern profet, men som ein som ser,
lyttar og frigjer menneske. Samira fekk eit ny-testamente på arabisk som ho las
i løynd. Bergpreika skapa ein opning i mørkret:.Hennar eigenverdi låg ikkje i å
yte, behage eller bere fram born, men i det at Gud elska henne utan krav.
– Om dagen
«spelte» eg mi rolle. Om natta var det berre eg og Yeshua. Der starta mi
forvandling, seier Samira.
Brunne på bålet
Mistanken mot
henne vaks i heimen. Ein kveld fann ektemannen bibelen og den vesle krossen,
smidd frå eit lite trestykke. Alt vart brunne på eit bål. Så fylgde forhøyr,
slag og trugmål. Etter «hemmelege» samtalar vart Samira sendt til ein rik
familie ved kysten – ei religiøst grunngjeven «korreksjon», – som i praksis var
slaveri.
– Dei kunne ta
skriftene frå meg, men ikkje orda som alt var skrivne i mitt hjarte. Dei kunne
brenna krossen, – men ikkje Kristus, seier Samira.
Reglane i
rikmannshuset var strenge: Ho måtte stå opp før sola rann, – ingen privat
kommunikasjon mellom tenestefolk, – matrestar som «løn», – straff ved minste
avvik – også for det som vart kalla «religiøs forureining». Kjellaren var mørk
og tett, der ho delte rom med to andre kvinner, som begge var ofre for vald og
gjeld.
Flukt gjennom ørkenen
Planar om flukt
vaks fram. I ein sandstorm og heilt utmatta, fann ho og ein medfange kvarandre,
– i tru og von. Ei lita handelskaravane tok henne med mot grensa til
nabolandet. Leiaren, Agnyafi, lytta då ho for første gong våga å fortelje opent
om trua si. Han sa: «Ørkenen lærer at kvar ærleg veg fortener respekt. Dersom
Yeshua førde deg hit – er det den vegen som gjeld.»
I utkanten av ein
by fann ho ei lita kristen forsamling, leia av ein annan konvertitt, Ibraim.
Han sa: «Gud har ikkje berre frelst deg. Han vil også bruke deg til å hjelpe
andre». Dei hjelpte henne så å skaffa seg papir og arbeid.
Frå offer til forkjempar
Samira Djaló byrja
å arbeide med organisasjonar som kjempar mot menneskehandel i Vest-Afrika. Ho
kjenner teikna, tausheita og redsla – fordi ho sjølv var den tausheita. Ho har
møtt trugsmål, press og lokkemiddel om å teia, men held fram:
– Kvar kvinne som
kjem fri, – kvar heim som blir bygd opp att, – kvar historie som blir fortald,
er eit steg opp mot gamle, grusomme system; som kan synast uovervinnelege, –
men som ikkje tåler lys og sanning, seier ho.
Slaveri i vår moderne tid
Mauritania
avskaffa slaveri på papiret i 1981. Realiteten er diverre meir samansett.
Tradisjon, kaste, fattigdom og korrupsjon held tusenvis fast i tvang og
teneste, særleg kvinner. Samira kallar på styresmakter, trussamfunn og
sivilsamfunn om å erkjenne alvoret:
– Slaveri i vår
tid lever. Det løyner seg i mørke krokar. Det sårar og vanærer våre nasjonar. Å
lata att auga er å vera «medhjelpar» til urett, seier den mauritanske kvinna.
Ein open invitasjon
Til kvinner som
kjenner seg fanga i frykt, misbruk eller fortviling, har Samira ei enkel
melding:
– Du har verdi –
mykje større enn du veit. Gud ser din kamp og Han har ein plan.
Historia hennar
handlar om svik og overgrep, men også om kjærleiken som råka henne då ho var
heilt på botnen. Slik kjærleik bryt lekkjer, riv ned lygn og reiser deg opp
att. Gje ikkje opp! Fridom er mogleg.
Samira Djaló ber
vitnesbyrdet sitt inn i sitt samfunn – frå støvete landsbyar i sør til murane i
nord, frå kjellarar utan vindauge – til små kyrkjer i utkantane. Det
frigjerande bodskapet er det same:
– Det finst ikkje
noko fengsel så djupt at Guds kjærleik ikkje kan nå og forvandle.
Slaveri og utnytting
Det fins mange
former for slaveri, hushaldsteneste, gjeldsslaveri, tvangsekteskap og
tvangsarbeid.
Mange vil utnytte
menneske på grunn av tradisjonelt hierarki, ekstrem fattigdom, manglande
rettstryggleik og korrupsjon. Dette er grunnlag for vald, overgrep, isolasjon,
tap av identitet og menneskerettar.