Ei helg for død, men mest for von
| Debatt
HELGEMESSE: Sjølv om ein i jobbsamanheng stadig
møter sorg og gravferder, betyr ikkje det at ein er budd på sin eigen sorg.
Difor likar eg Helgemesse så godt, skriv diakon Eilev Erikstein.Foto: Gorm
Kallestad / NTB
Eilev EriksteinProstidiakon i Vest-Telemark
Publisert 28.10.25 -
19:00 Sist
oppdatert 29.10.25 - 11:06
Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir uttrykk for
skribentens holdning.
Denne helga markerer vi Helgemesse – ein dag som frå gamalt av var til
minne om helgenar, men som i dag har fått ei vidare tyding. Det er blitt ein
dag for ettertanke, for samtale, og for å tenne lys på gravene til dei vi har
mista.
Ein dag som minner oss om at det einaste som er sikkert i livet, er at
vi skal døy – men alle andre dagar skal vi leve.
Når døden kjem nær
Frode Grytten fortel i boka Den dagen Nils Vik døydde om
fjordbåtskipparen som lengtar etter si avdøde kone.
Etter Marta var det ingen som ropte på kalde kveldar: Eg ventar på deg,
Nils. Kom opp og varm meg. Etter Marta sløkte han framleis nattbordlampa og sa
God natt kjære, sov godt. Men han fekk ikkje lenger svar frå andre sida.
Full kirke der ingen skulle
tro at noen kunne bo
Det er vel dette døden er – at ingen lenger svarar.
Far min var ingen skippar, men ein landsens prest som gjerne såg seg
som ein himmellos. Då eg fann eit gammalt brev han skreiv etter at mamma
døydde, vart eg blank i augo.
Eg såg henne for meg då ho hadde slokna og det lidande andlet fall til
ro og liksom yngdest opp. No ser eg mi ungdomsbrud, tenkte eg, kunne ynske å
rive attende til livet her. Men større var å kunne gje henne over til Han som
må vera sjela sin rette brudgom.
Eg ser dei begge for meg. Unge og spreke, rette i ryggen og fri for
sjukdom og plager.
Eksistensiell beredskap
Med åra kjem tankane om døden nærare. Sjølv om ein i jobbsamanheng
stadig møter sorg og gravferder, betyr ikkje det at ein er budd på sin eigen
sorg. Difor likar eg Helgemesse så godt. Dagen gjev rom for dei alvorlege
samtalene – om korleis ein vil ha det når ein sjølv skal gravleggjast, kva
salmar ein likar, og kvar ein vil kvile.
Helgemesse kan hjelpe oss med å bygge ein eksistensiell beredskap.
Sunniva Gylver, biskop i Oslo, skriv i boka Midt i alt som er at ein slik
beredskap kan finnast både med og utan Gud. Det viktigaste er at vi får tenkt
og snakka fram eit språk for vårt livssyn – religiøst eller ikkje – og at vi
jamleg skapar rom for desse samtalene. Ikkje berre når krisa kjem, men også i
kvardagen.
Sorga si mange former
Sorg er ei einsam ting. Det finst ikkje mykje medisin mot einsemd, men
andre menneske er sjeldan feil. I fellesskapen kan ein oppleve kor lik – og
ulik – sorga er. Alle har si eiga sorg, men det er viktig å dele ho. Det kan
minske ho, og det kan hjelpe andre. Å dele si sorghistorie er å opne eit rom
der andre kan kjenne seg att, og kanskje finne trøyst.
Eg kjenner meg igjen i det Odd Nordstoga syng:
Så lenge eg har selskap
Greier eg alt
Så lenge eg veit me er fleire
Så kan det vera aldri så kaldt
Det er ei påminning om at vi treng kvarandre – i sorg og i glede, i liv
og i død.
Ei tid for alt
Helgemesse minner oss om at alt har si tid. Ei tid for å sørge, ei tid
for å minnast, men også ei tid for å leve. Ved å tenne lys på gravene, tenner
vi også lys i oss sjølv – lys som kan hjelpe oss å sjå kvarandre, snakke saman
og finne styrke i fellesskapen.
Livet er fullt av motsetningar, men det er også fullt av meining. Og
kanskje er det nettopp i sorga at vi finn dei djupaste innsiktene om kva det
vil seie å vere menneske.
eksistensiell beredskap død fellesskap helgemesse meninger sorg