Kristen Mediaallianse Drift AS

 

Frå sharia til nåde

 

Fared Rahimi møtte Jesus i Iran:

 

 

 

 

 


IRAN: – Ho fortalde meg om Jesus, og at han var Guds son – og ikkje ein profet. Jesus vaska føtene til sine vener. Han tilgav dei som spotta og piska han. Jesus kravde ikkje vårt blod, – men gav sitt eige liv til soning for våre synder. Eg møtte ein Gud som ikkje ropa, men som elska, seier Fared Rahimi.
 Foto: Skjermdump

 

 

IRAN: – Ho fortalde meg om Jesus, og at han var Guds son – og ikkje ein profet. Jesus vaska føtene til sine vener. Han tilgav dei som spotta og piska han. Jesus kravde ikkje vårt blod, – men gav sitt eige liv til soning for våre synder. Eg møtte ein Gud som ikkje ropa, men som elska, seier Fared Rahimi. Foto: Skjermdump

Etter dagar med tortur, søvnmangel og hån – i ei mørk fengselscelle i Iran, knelte ein blodig, forslått ung mann, og ba ei bøn for første gong i sitt liv: «Jesus, viss du finst, vis meg sanninga. Eg orkar ikkje dette lenger».

Ingalis A. Malmo

Journalist

Publisert: 18.08.2025 kl 14:51

 

Dette fortel Fared Rahimi, som til då, alt frå barndommen, hadde vore ein overtydd muslim – frå ein familie som stod djupt planta i den islamske makteliten i Iran, i samtale på YouTube-kanalen «Son of the Most High».

– Far min var lærar i sharia, bestefar min ein støttespelar for revolusjonen, og mor frå ei slekt som meinte dei ætta frå profeten Muhammed.

Aktiv for regimet i Iran

– Alt som ung vart eg ein del av det iranske moralpolitiet. Eg slo ned på kvinner som eg meinte ikkje dekka seg til på rett vis, eg stogga ungdom som høyrde på vestleg musikk.

– Eg deltok også aktivt i brutal undertrykking av dei menneske som regimet og eg meinte var i utakt med den muslimske trua.

– Eg drøymde om å bli martyr. Eg såg for meg at eg skulle døy for Allah og bli ein helt, fortel han.

– Men møtet med den kristne kvinna, Mariam, skulle snu heile verda mi opp ned.

Ingen teikn til frykt

Under ein politiaksjon mot ei hemmeleg kristen husforsamling, møtte han Mariam. Kvinna sat med ein open bibel i fanget. Ho såg på han med eit mildt blikk og sa:

«Velkomen, min son, vi har vore i bøn for deg».

– Eg slo til henne, fortel han og legg til: – Ho smilte til meg. Og i augo hennar såg eg ingen teikn på frykt, berre medkjensle.

Desse orda forfølgde han i ettertid. Midt i ein kvardag av ideologi og brutalitet begynte noko i han å vakna. I all løyndom opna han ein bibel, som han hadde konfiskert i eit raid. Her fann han liv og sanning i byte for feil og løgner.

– Det var som om vatn rann inn i ein ørken. Kvart vers braut ned mine murar av fanatisme som eg i alle år hadde bygd rundt meg, seier ex-muslimen frå Iran.

Gud – som ofra seg sjølv

Etter denne opplevinga begynte Fared å besøkja Mariam i fengselet, – offisielt for å avhøyra henne, men eigentleg var det for å få høyra meir om den kristne trua.

– Ho fortalde meg om Jesus, og at han var Guds son – og ikkje ein profet. Jesus vaska føtene til sine vener. Han tilgav dei som spotta og piska han.

– Jesus, kravde ikkje vårt blod, – men gav sitt eige liv til soning for våre synder.

– Eg møtte ein Gud som ikkje ropa, men som elska, seier Fared Rahimi.

Då den kristne kvinna, Mariam, vart dømd til døden for si tru, hjelpte han henne å røma frå fengselet. Det endra heile livet hans.

Fengsla – men fri

Fared vart arrestert. Han vart torturert av dei som før hadde vore hans vener. Dei hengde han opp ned, brente, piska og håna han. Dei kalla han «Jesu lam». Dei forsøkte å tvinga han til å ta avstand frå Jesus og si kristne tru. Men det var fåfengd, for noko hadde vakse fram i hans indre som dei ikkje greidde å bryta ned; – ein indre fred.

– I den mørke fengselscella, utan dagslys, mellom mykje skrik og støy, kjende eg Guds gode nærleik som aldri før, seier den iranske mannen.

Han begynte å be. Han fekk også idéen å banka bibelvers i morsekode til ein annan fange gjennom veggen. Han song frimodig kristne salmar medan vaktene banka han til blods.

– All smerte vart forma om til bøn. Kvar ei tåre – til lovsong, vitnar han.

Flukt – og nytt liv

Ein av vaktene i fengselet vart kjenslemessig rørd av hans sterke tru og han hjelpte Fared til å røma.

– Eg kom meg over fjella til Tyrkia, leia av kristne vener frå den «underjordiske» kyrkja. Dette var menneske som var villege til å risikere alt for trua si, seier han.

I dag bur Fared i eksil, med fred i sitt hjarte, – men med arr både på kropp og sjel.

– Eg har av hjarta tilgjeve alle dei som mishandla meg. På same vis som nokon ba for meg då eg var den som forfølgde dei kristne, – har eg sjølv dagleg dei som enno forfølgjer kristne i Iran med meg, i mine bøner.

Bodskap til den frie verda

– Eg vil seie til verdas kristne, seier iranaren, Fared Rahimi:

– Å kunne opne ein bibel utan frykt, å kunne syngja salmar og opent vitne om si tru er ikkje ein sjølvsagt ting alle stader i verda. Det er eit luksusliv millionar berre kan drøyma om.

– Eg vil og minna om at tru, fødd i smerte, er ei tru ingen kan overvinna. Og alle må få vita at Guds nåde er sterkare enn hat, pinsle, – ja også sterkare enn døden, seier han og avsluttar:

– Eg trudde eg visste kven Gud var. Men midt i mørkret fann eg lyset. Eg møtte Jesus.