Jorun eig fem bibelbutikkar men gjekk sjølv
i ti år utan å opna Bibelen
DÅRLEG SAMVIT: Jorun Eiane Brunstad var aktiv i
kyrkja og trudde det som stod i Bibelen var sant, men ho orka ikkje tanken på å
lesa i Bibelen.Foto: Alice Tegle
– Eg tenkte
heile tida at eg burde vore annleis, seier grunnleggjar av Bibelbutikken, Jorun
Eiane Brunstad.
Alice TegleJournalist
Publisert 21.09.25 - 05:00
Dagen møter den pensjonerte bibelbokhandlaren på ein gammal
husmannsplass i Erfjord i Indre Ryfylke. Etter ti år med vandring i eit andeleg
ingenmannsland, var det her det skjedde – hendinga som var med å endra
forholdet hennar både til trua og Bibelen.
– Her kjenner eg Guds fred, seier ho, medan ektefellen Helge går inn
for å henta kaffi.

Den mannen er eit bønesvar, meiner Jorun.
Mista trua
Brunstad vaks opp i ein kristen heim på fruktgarden Eiane ved
Jøsenfjorden i Ryfylke.
Trua er ein naturleg del av henne. Men i vaksen alder skjedde
noko som gjorde at trua gradvis forsvann.

Som nyutdanna sjukepleiar opplevde ho unge menneske døy på hennar vakt,
fleire gonger. Jorun hugsar dødsfalla og kjensla av maktesløyse.
Ho hadde jo utdanna seg til sjukepleiar for å hjelpe. Nå stod ho
ordlaus, ansikt til ansikt med pårørande.
«Viss Jesus hadde vore her, hadde han gripe inn. Då hadde han ikkje
leite dei menneska døy», tenkte ho.
Ho var ikkje sint på Gud og avviste ikkje at det som stod i Bibelen var
sant, men gradvis slutta ho å lesa i Bibelen. Litt etter litt forsvann
bønene og.
Gud kjendest fjern og irrelevant.
Sa det ikkje til nokon
Jorun gjekk i bibelgruppe, men mangla ord for å skildra det som
føregjekk på innsida.

Men ein dag på jobb kom tapet av trua til overflata likevel, då ho fekk
spørsmål om å utføra ein nauddåp på jobb som sjukepleiar, i tilfelle presten
ikkje rekte fram i tide.
Då fekk Jorun panikk. Ho visste at det var umogleg for henne å døypa.
– Det ville vore hykleri.
Presten nådde fram i tide. Babyen døydde som nydøypt, men inni seg
kjende Jorun seg tom.
Den vesle barnet var borte. Det var trua hennar og.
Stilte ultimatum til Gud
«Viss det finst ein Gud skal han få eitt års sjanse til å visa seg», sa
ho ut i lufta ei søvnlaus natt.
Det skjedde spontant. Jorun trur ikkje det var hennar eigne ord.
– På den tida var eg ikkje i stand til å be. Det må ha vore frå Gud.
Jorun dvela ikkje meir ved hendinga. Bibelen sto stadig og samla
støv i bokhylla. Likevel blei bøna den natta eit vendepunkt.
Såg Jesus i døden
Innan året var omme braut Jorun opp frå venene i Finnmark og sette
kursen mot hovudstaden, på diakonistudiar på Lovisenberg.
– Eg stortrivest i Hammerfest, det var ingen grunn til at eg skulle
reise derifrå, så det luktar jo Gud, seier Jorun i dag.

Under eit praksisopphald i India og Nepal besøkte ho misjonær Olav
Hodne sitt arbeid i Calcutta. Han var nær venn av Moder Theresa, og Jorunn
fekk besøka heimen hennar for døyande.
Heimen var full av døyande menneske som nonnene hadde plukkar opp i
lastebil frå gata, kvar dag.
Det var ingen helsepersonell til stades, ingen familiemedlemmar, berre
nonnene som gjekk lydlaust mellom sengene til dei 60 kvinnene der inne, alle
døyande.
Jorun var der inne berre nokre minutt. Opplevinga var likevel
livsforvandlande.
– Den freden som var der inne, heilt utan intravenøst og
smertestillande går ikkje an å skildra med ord.
– Då skjøna eg at det må vera noko større bak det dei held på med,
fortel Jorun.
Den første bøna etter ti år
Det blei eit før og etter opplevingane under praksisen i India og
Nepal. Det skulle likevel gå lang tid før ho opna Bibelen og begynte å be
igjen, sjølv om ho arbeidde som diakon i kyrkja og var aktiv i kyrkjelyden.
Frå det kristelege studentlaget hadde ho høyrt mykje om disiplin i
bibellesinga, om å stå opp tidleg og lesa, uansett om ho ikkje hadde lyst.
– Eg tenkte heile tida at eg burde vore annleis og bli flinkare til
berre å lesa i Bibelen, sjølv om eg ikkje kjende behov for det.
Berit Kathrine hadde mista
trua både på Gud og ekteskapet
Ordet frå soknepresten i Bekkefaret blei eit vegskilje, etter at ho
flytte til Stavanger og starta som kyrkjelydssjukepleiar.
– Eg vil læra og visa deg den vegen du skal gå, siterte han frå Salme
23,8.
Seinare kom Jorun over ei oppslått andaktsbok hos ein pasient, som ho
besøkte på jobb i heimesjukepleia.
«Be om kva du vil i Jesu namn, så kan du få det», stod det.
Den kvelden gjekk ho ut av leilegheita og falda hendene i bøn.
«Helge vil eg ha, i Jesu namn», bad ho.
Det blei første bøna på ti år.
– Såg Jesus på hytta
Året etter var dei to gift og etter eit langt samliv saman står
han der, bønesvaret til Jorun, og serverer melon i sommarvarmen.

Dei to har brukt mykje tid på å ta vare på den gamle husmannsplassen.
Minna sit i veggane, somme sterkare enn andre.
Jorun mimrar tilbake til hausten 1998.
Ho skal akkurat til å setta seg ned med ein kropp te til tonane av
Händels Messias, meisterverket om då Gud blei menneske, då ho plutseleg
ser Jesus rett framfor seg.
– Det var heilt fysisk. Eg såg rett inn i auga til Jesus. Han heng på
korset.
Jorun blir helt sette ut.
– Det er fullbrakt, opplever ho Jesus sei til henne.
«Men dette er jo 2.000 år sidan», svarer ho lydlaust, inni seg.
– Livet på jorda er snart fullbrakt. Eg treng deg, Jorun.
Ho lukka auga. Da ho opna dei igjen var Jesus borte.
Fekk nytt forhold til Bibelen
Først då byrja Jorun å børsta støvet av Bibelen. Då har ho har i fleire
år vore kyrkjelydsdiakon i Synde kyrkjelyd i Stavanger, og i 2017 tok og ho
Helge over ein kristen bokhandel i Sandnes.
I dag eig dei fem kristne bokhandlar rundt om i Noreg, samla saman
under namnet Bibelbutikken.

Det er ikkje tilfeldig at ho har kalla butikkjeda opp etter bøkenes
bok.
– Å få formidla denne boka er helt fantastisk, seier ho.
Ofte lurer kundar på kor i Bibelen dei skal byrja å lesa. Da svarer
Jorunn:
– Begynn på Matteus, Markus, Lukas eller Johannes. Ikkje tenk at du
skal forstå det. Berre les og kjenn kva det gjer med deg.
Forstod kva som hadde skjedd
15 år etter at Jorun sjølv slutta å lesa i Bibelen, og trua hadde
begynt å venda tilbake, opplever ho å høyre ein lydlaus stemme inni seg som
seier:
«Jorun. Det var eg som lukka Bibelen for deg. Du måtte få
Jesusbrillene på deg».
Då skjøna Jorunn endeleg at det opphaldet i bibellesinga ikkje handla
om at det var ho som ikkje var flink nok.
– Det var veldig frigjerande.

Ho er overtydd om at Gud grip inn når menneska sjølv kjem til
kort.
Ho trur det skjedde då ho stilte ultimatumet til Gud i finmarksnatta,
gjennom møtet med døden i India, i andaktsboka hos pasienten, i bøna om å få
Helge og synet av Jesus på korset.
– Det var Gud, alt saman, seier Jorun i dag.
– Gud held det han lovar. Han har vist meg vegen eg skal gå, mange
gonger. Det stemmer det som står i Bibelen.
jorun eiane brunstad korsets seier bibelen tro gud bibelbutikken