https://imengine.public.prod.agp.infomaker.io/?uuid=b3fe85b7-7c19-56d5-adb1-19da5e81f57b&function=fit&type=preview&source=false&q=75&maxsize=112&scaleup=1

Knirk og klage frå taparbenken

 

| Debatt

 

https://image.dagen.no/1480943.webp?imageId=1480943&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg

 

TAPARBENKEN: Kva med opposisjonen i Stortinget? Det er ingen opposisjon. Erna Solberg (foto) sit roleg i båten og er samd i alt. Ho er for EU, EØS, FN, WHO, fri innvandring og Sharia, skriv Jostein Sandsmark.Foto: Heiko Junge / NTB

Jostein SandsmarkGeilo

Publisert 10.09.25 - 14:01 Sist oppdatert 10.09.25 - 14:02

Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdning.

Det er jubel frå valvinnarbenken. Dei mange som støtter Jonas Gahr Støre har fått viljen sin og vunne valet. Ikkje rart at dei er glade, men det var på hengjande håret. 

Dei kan gle seg over utsegnene til hovdingen: «Nå er det vanlige folks tur» – «Nordmenn har ikke vondt av å bli litt fattigere» – «Stol på meg når det gjelder ACER, strømprisen vil ikke øke meir enn 3–4 øre». 

Men næringsliv og privathushaldningane slit. Me har fått tusen konkursar med store negative ringverknader. Prisane på matvarer, drivstoff og forbruksmateriell har auka drastisk, straum og vanlege daglegvarer likeins. Kommunane sitt vanlegaste reiskap er nå blitt sparekniven. 

Men alt dette merkast ikkje av Stortingsfolka som styrer det heile. Dei har makt til å vedta si eiga løn – og brukar den. Dei gjev seg lønspålegg som kompenserer for prisstiginga, dei unner seg to månaders sommarferie, har fri parkering, billig husvære og reiser gratis. Kvifor skal noko endrast?

Me har fått 15.000 lover, forordningar, vedtekter og krav frå EU, EØS og FN. Det trengst ein stor stab for å setja i verk, handheva og kontrollera alle desse påboda, alt frå EU-kontroll av bilen til fasongen på plastkorkane til mjølkekartongane. Byråkratiet har est utover. Kvar tredje lønsmottakar er i offentleg teneste – meir enn det doble samanlikna med Finland.

Statleg etat NRK har 3700 tilsette og eit budsjett på 7,5 milliardar. Departementa har 5–6000 tilsette med god løn. Dette mangmente mannskapet ynskjer ikkje noko endring og stemmer Støre. Alle migrantar som har blitt invitert til landet på gode vilkår støttar Støre. Nå jublar dei. 

Byråkratiet har est utover.

Kva med opposisjonen i Stortinget? Det er ingen opposisjon. Erna Solberg sit roleg i båten og er samd i alt. Ho er for EU, EØS, FN, WHO, fri innvandring og Sharia. 

Men samfunn og myndigheiter slit på ymse område. Kriminaliteten har auka monaleg, bilbrannar og gjengkriminalitet er blitt daglegdags. Valdtekter, ran og trakassering er og blitt vanleg. Trøbbel med ufin framferd på buss, tog, i kø, på gata og offentlege plassar oppstår stadig.

Politiet maktar ikkje å følgja opp. Saker vert lagde bort av rettsvesenet på grunn av mengda. Dialog, skulderklapp, bollar og brus har ikkje hjelpt. 

På skulane er det bråk og uro, mobbing og ulivnad, så lærarar sluttar og elevar vantrivst. Skuleprestasjonane har gått ned.

Hovudmottoet for Ap ved dette valet var «trygghet» + alle gode tiltak som skulle setjast i verk: Løft i vegbygging, storstilt nybygg av studentbustader, storsatsing i helsesektoren og så vidare.

Men kvifor har ikkje dette blitt gjort i dei fire åra som Støre har styrt? Kan me forventa ein ny giv heretter? Eller var det berre valflesk?

Så nå får me sjå når alt har roa seg om ting byrjar å skje. Eller kanskje me må venta i fire nye år før me får sjansen til å byta ut regjeringa, Stortinget og alle direktorata og byråkratane? 

https://image.dagen.no/1479142.webp?imageId=1479142&x=0.00&y=0.00&cropw=0.00&croph=0.00&heightx=0.00&heighty=0.00&heightw=0.00&heighth=0.00&width=712&height=322&format=jpg

Israel i fokus på kravlisten til Rødt, SV og MDG for å støtte Støre-regjering

 

valg byråkrati økonomi kriminalitet jonas gahr støre meninger