Kronprinsen kallar kristenretten grunnsteinen for
det fellesskapsbaserte samfunnet
SIGNERING:
Kronprinsesse Mette-Mariet og kronprins Haakon signerte Tingsteinen. I svart
kan ein sjå signaturane til dei to føregåande generasjonane i kongefamilien.
Kronprinsparet
kasta glans over feiring av tusenårsjubileum for kristenretten på Moster.
Tore
Hjalmar Sæviktore@dagen.no
Publisert: 01.06.2024 17:24Sist
oppdatert: 21:10
Kongeskipet
seig inn til Mosterhamn laurdag ettermiddag. Kronprins Haakon Magnus og
kronprinsesse Mette-Marit heldt fram til kai med ein sjalupp på den blinkande
blå sjøen og vart helsa av hornmusikk og heiarop, born og bunader, vinking og
vikingar.
MED BÅT:
Kronprinsparet kom til land sjalupp frå Kongeskipet Norge som ankra opp ved
Bømlo laurdag. Foto: Tore Hjalmar Sævik
Den
kristne vikinggruppa Olavs menn heldt tauet som sikra at vegen var framkomeleg
då kongehuset deltok på tusenårsmarkeringa for kristenretten.
Signerte
Tingsteinen
Kronprinsparert
gav seg god tid til å helse på og snakke med folk på kaien. Deretter hadde dei
ei stille stund i Moster gamle kyrkje, før dei heldt fram til Tingsteinen.
MOSTER:
Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit deltar under jubileumsfeiringen
for Kristenretten på Moster lørdag. Foto: Silje Katrine Robinson
Denne
steinen ligg mellom kyrkja og Moster Amfi. Tidlegare har kong Olav og dronning
Sonja og kong Harald signert denne steinen.
No
gjorde dagens kronprinspar det same. Signaturane deira var ripa inn i steinen
på førehand, slik at dei kunne fylle i med tusj.
Så
heldt dei fram inn i det fullsette amfiet. Mellom gjestene var statsminister
Jonas Gahr Støre (Ap), stortingspresident Masoud Gharahkhani (Ap) og
Høgre-leiar Erna Solberg.
Bitar i puslespel
Bispekollegiet
og sentrale kyrkje- og kulturleiarar var også på plass, samt erkebiskopen av
York, Stephen Cottrell.
–
Vi veit veldig lite sikkert om kva som skjedde akkurat har her for tusen år
sidan. Men vi treng forteljingar for å forstå oss sjølve, forteljingar som kan
setje saman bitane til eit heilt bilete av kven vi er, kva som har forma oss,
sa kronprins Haakon Magnus i talen sin.
Forteljing verd å
feire
Kronprinsen
kalte historia om innføringa av kristenretten på Moster i 1024 for ei
kjerneforteljing, basert på nokre få historiske haldepunkt.
–
Forteljinga er ein brikke i ei stor og langsam utvikling som la grunnlaget for
det Noreg som vi kjenner og er glade i i dag,: Eit land bygd på eit humanistisk
og kristent menneskesyn, sa han.
.
FOLKEFEST:
Kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon Magnus vart tekne imot med jubel
i Mosterhamn. Foto: Tore Hjalmar Sævik
I
dette samfunnet ser han menneskerettar, velferd og demokratisk styresett som
berebjelkar.
–
Denne forteljinga er viktig å feire. For kven ville vi ha vore utan dette? Det
er vanskeleg for oss i dag, kanskje, å forstå fullt ut kor stor betydning
innføringa av kristendommen hadde for landet. Kva enorm endring av
verdensbilete, samfunnsstrukturar og tankesett dette innebar, sa han.
Skapte i Guds
bilete
Kronprinsen
påpeka at det førkristne ættesamfunnet baserte seg på makt, posisjon og styrke.
–
Inn i dette ættesamfunnet kom det gradvis noko nytt: Ein boskap om at det fanst
ein Gud, og at vi alle er skapte i hans bilete,, sa kronprins Haakon Magnus.
Han
meiner dette førte til at menneske vart rekna med til det same fellesskapet som
likeverdige. Men også at dei i kraft seg seg sjølve var einskildmenneske,
lausrivne frå fellesskapet.
Trygg i eigen arv
Samfunnsomveltingar
skje sjeldan over natta, påpeika kronprinsen,.
–
Dei tek lang tid, og vi er vel kanskje ikkje ferdige heilt enno.
ORDFØRAR:
Kronprinsparet saman med ordførar Morten Helland (KrF) i Bømlo. Foto: Tore
Hjalmar Sævik
Sjølv
om haldepunkta for det som skjedde for tusen sidan år er få, meiner kronprinsen
dei er så kraftfulle at dei bind oss saman som land og folk.
.
–
Arven vi byggjer på, står seg godt i møte med nordmenn frå andre deler av verda
som medverkar til å til å skape det Noreg vi har i dag, med eit større mangfald
religiøst og kulturelt. Dersom vi står vi støtt i vårt eige, vert vi tryggare i
møte med ein kompleks verd, sa han.
FOLKSOMT: Kronsprins Haakon Magnus talte til eit
fullsett Moster Amfi. Foto: Tore Hjalmar Sævik
–
I dag feirar vi at for tusen år vart grunnsteinen lagt for det
fellesskapsbaserte samfunnet vårt. Dette samfunnet har vi bygd vidare på saman
gjennom generasjonar fram til i dag. Og vi held fram med å byggje, bevare og
beskytte for dei som kjem etter oss. På den måten formar vi framtida ved å
feire fortida.
Middag på
bedehuset
Skodespelar
Svein Tindberg, som har skrive førestillinga «I slik ei natt» som vert framført
under jubileumsveka, leia samlinga i amfiet. Lokale born og ungdommar medverka,
saman med rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde og stortingspresident Masoud
Gharahkhani.
Etter
samlinga i Moster amfi var neste post på programmet middag på bedehuset Salem
med til saman 200 gjester.
Søndag
er det stor gudsteneste i Moster amfi i samband med jubileet for kristenretten.
Støre på Moster:
Kristningshistorien er ikke over
Tusen samla i
lovsong over midnatt på fest for kristenretten