Massedåp i fengselet: – Gjekk mellom 751
fangar utan handjern
DÅP: 41 vart døypt i John H. Lilley fengsel i byen
Boley då eit team frå Victory Christian Center var på besøk.Foto: Instagram
@victorytulsa
41 fangar skal
ha blitt døypte då Victory Christian Center besøkte eit fengsel i Oklahoma sist
veke.
Helene Reite UglemJournalist
Publisert 04.07.25 - 05:00
Del på FacebookDel på TwitterDel på e-post
750 fangar strøymde til då pastor Paul Daugherty i megakyrkja Victory
Christian Center besøkte John H. Lilley fengsel sist måndag, skriv CBN.
400 skal ha teke imot Jesus, og 41 blei døypte i eit stort kar.
Daugherty har leia Victory Christian Center i byen Tulsa i delstaten
Oklahoma i over 10 år. Han har teke over etter foreldra sine, Sharon og avlidne Billy Joe Daugherty,
som grunnla kyrkja.
No kjenner pastoren på eit kall til å oppsøkje fangar i fengsel og gi
dei evangeliet.
– Berre nokre få kyrkjer i byen gjer dette. Vi ønskjer å nå alle fangar
vi kan, seier han til CBN.
751 menn utan handjern
32 frivillige frå kyrkja serverte eit varmt måltid og delte ut 700
biblar og kristne bøker.
Daugherty innrømmer at han «var litt spent på det å gå mellom 751
fangar utan handjern».
– Fleire av dei er fengsla for seksuallovbrot, vald og drap. Men eg
kjende Gud seie: Gå mellom dei, vis dei Guds kjærleik, handhels på dei, gi ein
klem og forkynn.
Etter forkynninga sa han at dei som ville ta imot Jesus, kunne rekkje
opp ei hand. Teamet talde 400 hender.
– Gjorde dårlege val
Oklahoma-pastoren møtte ein fange som kunne fortelje at han blei frelst
under eit møte på Victory Christian Center då faren til Daugherty, Billy Joe,
var pastor der på 90-talet.
Fangen var ein del av lovsongsteamet den gongen, men så «gjorde han
nokre dårlege val seinare i livet».
Den første som besøkte han i fengselet, var Billy Joe Daugherty, fortel
den innsette som har vore fengsla heilt sidan tusenårsskiftet.
Han hadde aldri trudd at han skulle treffe nokon frå «heimekyrkja»
si igjen.
Fekk gunst hos guvernøren
Victory Christian Center er ei av dei største kyrkjene i byen Tulsa.
7000 menneske kjem på gudsteneste kvar veke.
Det var nokre månader tidlegare at pastoren byrja å kjenne på eit kall
til å dele evangeliet med fangar, ei gruppe han ser som eit «unådd folk» som er
særs opne for evangeliet.
Han fortel vidare at Gud gav han «gunst» hos Oklahoma sin guvernør og
delstaten sin administrerande direktør til å handle på kallet sitt.
Saman med eit team oppretta han dimed eit oppsøkjande fengselsarbeid
som gir fangane litt fri, god mat, forkynning og ein bibel.
Daugherty trur dette berre er starten på noko større:
– Vi har allereie sett opp fengselsmøte for hausten og vinteren. Dei
byrja nemleg å ringje for å spørje om vi kan komme, avsluttar Paul
Daugherty.
paul daugherty victory christian center dåp nyheter evangelisering oklahoma fengsel