https://imengine.public.prod.agp.infomaker.io/?uuid=b3fe85b7-7c19-56d5-adb1-19da5e81f57b&function=fit&type=preview&source=false&q=75&maxsize=112&scaleup=1

Regjeringa sin sparekniv over Frelsesarmeen er uverdig

| Kommentar

 

Treng hjartevarme ei viss ideologsk innpakkig for å passera hos regjeringa? 

https://image.dagen.no/1473763.webp?imageId=1473763&width=960&height=548&format=jpg

 

TRADISJONSRIK: Frelsesarmeen sin logo er tradisjonsrik og representerer hjelp til dei svakaste. No er dei i økonomisk krise.Foto: Anders Artmark Aanensen

 

Sofie BrautKommentator

Publisert 01.09.25 - 19:00 Sist oppdatert 02.09.25 - 09:43

Det er eit teikn i tida at Frelsesarmeens møter økonomisk krise midt i ein valkamp som står i den moralske indignasjonens teikn. 

Spørsmålet som brenn er om regjeringspartiet og dei næraste allierte har det så travelt med å markera moralsk høgverdige synspunkt alle andre stader at dei gløymer dei minste og svakaste rett rundt eigne dører? 

Dei siste dagane har vi her i avisa gitt innblikk i Frelsesarmeens krevjande økonomiske situasjon. Organisasjonen som er kjent for å stå last og brast med dei aller fattigaste blant oss, må spara inn 100 millionar kroner i løpet av inneverande og neste år. 

Styremedlem, professor Ola Grytten, meiner at regjeringa har svikta ved å underfinansiera arbeidet. Det er interessant å høyra Gryttens refleksjonar om ei endra haldning hos styresmaktene dei seinare åra. 

Særleg bør vi lytta når professoren snakkar om det mange oppfattar som ei «farliggjøring av kristen frivillighet» hos den sitjande regjeringa. 

Det synest som om den mistenkjeleggjerande haldninga som landets friskular ofte møter, også blir Frelsesarmeen til del. 

Den tradisjonsrike organisasjonen vart opphavleg stifta av William Booth og kona Catherine i England i 1865. Til Noreg kom organisasjonen alt i 1888, med ei svensk kvinne, Hanna Ouchterlony, i spissen. I dag er Frelsesarmeen ei global rørsle som hjelper folk i meir enn 135 land. 

Mottoet deira har heile vegen vore variantar av det opphavleg jordnære «Soap, soup and Salvation». Såpe, suppe og frelse. Det er eit genialt enkelt uttrykk for kristen diakoni. 

Kristen tru må gi seg praktisk utslag i nestekjærleik og omsorg for dei svakaste. 

Den som kjem i kontakt med Frelsesarmeen, veit at nettopp desse lange røtene og den djupe forpliktinga utgjer ein skilnad, og gjer tenesta deira til noko meir enn «ein jobb som må gjerast». 

https://image.dagen.no/1474083.webp?imageId=1474083&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=71.67&heightx=43.31&heighty=0.00&heightw=41.43&heighth=100.00&width=712&height=322&format=jpg

Ni sykepleiere sagt opp hos Gatehospitalet

 

Det ligg ein ekte idealisme i botn for organisasjonens uthaldande arbeid for dei svakaste. Det er dessutan organisasjonar som Frelsesarmeen som var med å «oppdra» den moderne velferdsstaten slik vi til dømes kjenner han her i Skandinavia. 

Nettopp av den grunn er det ekstra forstemmande å høyra styreleiar Ola Gryttens rapport frå ein organisasjon i økonomisk krise på grunna av manglande statleg finansiering. No må dei nedbemanna og redusera tiltak over heile landet. 

Heilt konkret: Berre i år har til dømes ni sjukepleiarstillingar forsvunne frå Gatehospitalet, Frelsesarmeens spesialiserte tilbod for menneske som verkeleg lir naud i samfunnet vårt. 

Tre år før ekteparet Booth starta sitt arbeid blant lutfattige og forkomne menneske aust i London, skreiv den franske forfattaren Victor Hugo klassikaren «De elendige». Dei som kjenner historia, vil ha vanskeleg for å gløyma dei opprivande skildringane av fattigdom og elende som også prega Frankrike på midten av 1800-talet. 

Den djupt empatiske framstillinga av straffangen Jean Valjeans veg ut av fattigdom og kriminalitet, handlar om møte med menneske som syner nåde og som viser sant kristent sinnelag.

Framstillingar som dette, og folk som Booths, som tok praktiske konsekvensar av trua, har vore avgjerande i å dytta samfunnet i ei meir medmenneskeleg retning. 

Private organisasjonar og initiativ er framleis eit umissande tilskot til det offentlege tilbodet. Desse er gjerne prega av ei forplikting, eit livssyn og eit eigarskap som stikk ekstra djupt. Det er gode grunnar for at det offentlege også lener seg på organisasjonar som Blå Kors og Frelsesarmeen for å løysa viktige oppgåver. 

Dei er effektive medspelarar som når menneske med ei heilt særmerkt blanding av hjartevarme og kompetanse. 

For dessverre treng vi ikkje tilbake til Paris eller London midt på 1800-talet for å oppleva menneskeleg naud. Den barske sanninga er at vi har menneske som fell utanfor ordinært helsetilbod og offentleg velferd i samfunnet også i 2025, sjølv i verdas beste land. At Frelsesarmeen har 300 ulike einingar rundt om i landet, fortel sitt om behovet. 

Midt i ein valkamp som verkeleg dreg seg til, og der den moralske indignasjonen aldri ser ut til å vera langt unna, ser noko verkeleg til å ha gått under radaren. «Trygghet og sterkere fellesskap» er gjennomgangsmelodien hos regjeringspartiet AP. 

Når no Frelsesarmeens opplever det seksjonsleiar Frode Woldsund skildrar som det «mest krevende» av dei 43 åra han har arbeidd i organisasjonen, bør det vera ei realitetsorientering for regjeringspartiet. 

Eitt av Arbeidarpartiets favorittord ved dette valet er «trygghet». Ein plass å gjera dette til noko anna enn ein floskel, er å sikra føreseielege rammer også for private organisasjonar og aktørar som representerer langer samfunnslinjer og høgt truverd når det gjeld å hjelpa dei som fell utanfor. 

Det er snarare eit utrygt langtidsvarsel om det er det er dei svakaste som må betala prisen for Arbeidarpartiet sin aversjon mot private initiativ. 

Venstresida synest ofte å krevja einerett på hjartevarme og god moral. Men det ser heile vegen ut til at det er ein hjartevarme med eit visst ideologisk stempel. 

Retting: I den første versjonen av teksten kom det fram at Ola Honningdal Grytten er hovudstyreleiar i Frelsesarmeen. Det er ikkje korrekt, det rette er hovdstyremedlem.  Retta 2.september kl. 9:42

kommentar meninger leder